lørdag 26. november 2011

Nye tøfler og hals

Var ein tur i Romsdalen denne veka i gravferd til min svigerinne som tapte kampen mot kreften. Var ein lite tur innom Rauma ullvarefabrikk før vi dro heim att. Fann eit garn som heite Puno, det er noko av det mjukaste eg har kjendt. Såg at dei hadde laga nokre fine halsar av det garnet, fann ikkje noko mønster, men det var berre ein firkant som var bretta langs diagonalen og sydd saman i diagonalhjørna. Så var det sydd ein knapp på i spissen. La opp 27 masker på pinne 7 strikka til det var eit kvdrat. Fann ein knapp i knappekrukka. som eg sydde på. Det er kjempegodt og varmt!






















Har også strikka tøfler av Jærbo raggi som eg kjøpte i Sverige i sommar. Store nøster med 150 g
Fekk to par tøfler av kvart nøste. På butikken der vi kjøpte det hadde dei strikka vottar av garnet og dei hadde børsta det opp med ein stålbørste slik at dei var lodne. Ønsker alle ein fin fyrste sundag i advent i morgon og ei kjempefin adventstid

5 kommentarer:

Unknown sa...

Kondolerer.
Fine og ting du har strikket. Slike tøfler er så deilige å ha på føttene når man er litt frosten.:)

Greta sa...

Gode og greie strikk det der. Det er ikkje støtt det treng å vere så vanskelig for å vere flott. Flott farger på tøflene. Ha ein fortsatt fin helg

Bodil sa...

Spennande og flott garn du har kjøpt. Halsen du har strikka ser så god og varm ut, og flotte fargar på tøflene :)
Det er alltid trist når ein mister nokon. Kondolerer.
Ynskjer deg ein god adventsdag :)

Linda sa...

Kondolera. Ja det Puno garnet er kjempe mjukt og godt. Eg har strikka ein slik hals eg og. Gode og varme tøfflar og.

Bestemor Drillo sa...

Kjekke tøfler som er lette å ta med i veska!
Ha en fin adventstid!
Klem fra meg!