torsdag 2. august 2012

Babyjakke med fletta bærstykke

 Har strikka ei jakke til barnebarnet mitt. Det øverste bilde viser heile jakka, det er teke i ein vinkel som gjer at bærstykket og hetta virkar små, mens bolen virka diger. Fargen er heller ikkje bra.
 Her er høve mellom bol og berstykke langt riktigare, Fargen er også rett her. Mønsteret har eg kjøpt på Projo  det er it Cotton Cloud mønster.
Garnet er Freestyle frå Sandnes.
Det var ei litt spesiell jakke og strikke. Starta med bærstykket som eg strikka i ei remse. Så strikka eg bolen og armane ogmaska dei på bærstykket. Så tok eg å strikka opp masker på andre sida av bærstykket til hette. Til slutt strikka eg kanten rundt heile jakka, Felte ikkje av under armane men maska sammen. Det var eit svært godt mønster å strikke etter godt forklart både på engelsk og med bilder.
Her er ein liten detalj frå bærstykket.

6 kommentarer:

Greta sa...

Hei hei. så lekker jakke. synd den er på engelsk hehe. Den var ikkje dum altså. Heldig jenta di ja.
I dag skal eg til Lærdal og da må eg innom garnbutikk. både i Lærdal og sogndal håper eg. Har du vore på den i Lærdal?

Linda sa...

Den jakka var fin. Utruleg kor mykje fargen kan variere frå bilde til bilde. Hei Greta, eg har vore på garnbutikken både i sogndal og lærdal. Dei kan ikkje samliknast. Sogndal e best!

Knutine sa...

Nydelig jakke i en frisk farge. Dette var et nytt mønster for meg.Artig å se andre ting enn bare "Osloanorakken"

Blir en flott jente i ny jakke:-)

Knutine sa...

Nydelig jakke i en frisk farge. Dette var et nytt mønster for meg.Artig å se andre ting enn bare "Osloanorakken"

Blir en flott jente i ny jakke:-)

Ingunn sa...

Nydelig babyjakke! Lekker farge du har valgt!

Riktig god helg!

Bodil sa...

Den var flott og annleis :) God helg.