lørdag 23. mars 2013

Spenserkjole og ullbukse

Ein nydeleg dag på kysten, litt kaldt men strålande sol. Kjenner det er godt med påskeferie. Idag tidleg kosa eg meg ved symaskina. Svært lenge sidan den har vore i bruk.Sydde ein liten spenserkjole, mønsteret er frå "Barn igjen" av Lisbeth Bjørndalen.
Kattane og hjertet har eg laga og applikert på. Det burgunder røde stoffet er bomull frå stofflaget og det naturfarga med hjerte er lin, det også frå stofflageret mitt.

Det har vore mykje reising i det siste, det har ført til at eg har strikk ein del. Denne veka gjorde eg ferdig buksa til VM gensaren i innlegget under.
Synest den blei litt vid, men strikkefastheita var rett og eg har fylgt mønsteret, så det er kanskje ein litt vid modell.

Ønsker dere alle ei fin påskehelg!

5 kommentarer:

Unknown sa...

Nydelige ting du lager. Ja, det er herlig med fri og fint vær. Klem ;)

Linda sa...

Mykje fint du har laga i det siste. Den blå gensaren med fletter er kjempe fin. Her er det jobbepåske. Ha ei fin påske.

Bundingen sa...

Nydelig kjole! Ullbukser har varierende vidde, men bedre for vid enn for trang. Så kaldt som det fremdeles er, er det god bruk for ullbukser.

Vi har strålende påskevær, men det er kaldt om natta og kuldegrader dagen lang.

God påske!

Klem fra Ingunn

Greta sa...

For ein nydelig liten kjole. Strikkabuksene ser ofte litt rare ut syns eg. Har laga ei til hentesettet etter oppskrifta eg og. Den såg veldig vid og rar ut. en den er kanskje fin på får eg håpe. Fint her også når sola kommer seg over fjellet. Fortsatt fin påske. Nyt ferien. klem

Ruths datter sa...

Så fin ein kjole da.Du er så flink til alt du. Likte kjolen din et par innlegg under her.
Klem