søndag 17. november 2013

Sjal og labber

 Dette sjalet er strikka i Pillpi Alpakka frå Raumaulvare fabrikk, mønsteret fann eg i eit Familien for eit 3 - 4 år sidan. Trur det er eit Drops mønster.
 Dette sjalet har eg gitt bort, men har eit sjølv i samme garnet og det er det varmaste og mjukaste sjalet eg har.
 Når eg var i Trondheim i haustferien fann eg nokre spennande smånøster som heitte My First Regia. Eg kjøpe to nøster, dette er første par ferdig. Kjøpte og så ei bok med babysokkar til dette garnet og mønsteret er frå den boka. Dei hadde mange flotte fargar men berre to som eg syntest eg kunne bruke til ein baby gut.
Så blei eg ferdig med eit par labbar også. Har alltid eit labbestrikk liggande i tv kroken. Dette er strikka i Vikingragg, eit mjukt og godt labbegarn.
No har eg avslutta tre strikk denne helga , men eg har fortsatt like mange under arbei, for kvar gong eg er ferdig med ein ting så legger eg opp noko nytt av det eg har lyst å strikke. Ønsker dere alle ei flott handarbeidsveke.

1 kommentar:

Unknown sa...

Nydelig sjal, søte små skokker og herlige raggsokker. Så flink du har vore som ahr fått ferdig 3 ting i løpet av helga. Eg strikka ikkje ein maske i helga eg. hm. Men i dag tror eg at eg kjem igang att. Ha ei flott uke