lørdag 24. mai 2014

Tunika og kortebukse.

Denne veka har vore svært travel, mykje rettearbeid og fleire møter. Då er det godt å ta seg små pausar oppe på loftet med litt syarbeid. Eg har sykrok og klippebord så eg kan ha ting liggande klart. 
 
 
 Sydde ei korte bukse til lillegutt str. 74, den har lagt ferdig klipp eit par veker. Den var svært rask og sy. Håper det er god passform på den for det er fyrste gangen eg prøver det. Katten klipte eg ut frå eit lite tøystykke som eg hadde liggande og aplikerte det på
Lenge sidan eg har kjøpt tøy på nettet no, men såg så mange fine stoff på sydilla.no. Eg fekk ein pakke derfra på torsdag, med blant anna dette limefarga stoffet; så då sydde eg denne tunikaen. Sydde kjole av samme mønsteret ein gong før og det hadde flott passform. Mønsteret er frå OTTOBRE sitt hefte no i vår.  Den ser litt trang ut i armane, men det er berre fordi dei ligger litt krylla. Ha ei fin helg. Eg må til med rettinga att men har litt ferdigklippa oppe dersom eg får behov for ein pause.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Hei. Tenk at ein kan få til så skjønne plagg når du skal ha ein pause i rettearbeidet. det er ikkje dårlig. Lurt å ha noko ferdig klipt så du kan ta deg pause og sy når behovet er der. Fine plagg var det hvertfall. Håper du får litt tid til å nyte helga ogsåSkal bli nydelig ver i morra har eg forstått. klem

Unknown sa...

Så fine klær. Det er jo gøy å ha klær som ingen har. Smart å ta en påause i rettingen og være litt kreativ. Rettinga går litt lettere da. ;-)

mimouna sa...

Fin bukse, koselig med den katten på. Søt tunika også. :)

Godt med små kreative pauser fra rettearbeidet ja. Håper du får en fin søndag.

Fru Keilegavlen sa...

Så mykje flott!
Godt med nokre gode, avslappande og kreative pausar innimellom.

Anonym sa...

Ԝhen I originally left a comment I seem too have
clicked thhe -Notify me when new comments are added- checkboх and from now on every
time a comment is added I receive four emails with the exact
same comment. Ƭhere has to be an easy method you can remove me from that seгvice?
Many thanks!

Herе is my wеbsite ... buy twitter Followers ethical