søndag 8. juni 2014

Ny bukse og besøk hos barnebarn

Dette nydelege stoffet hadde eg liggande i stoffsamlinga mi. Det er eit heilt tynt bomullstoff.

 Eg har heilt fått dilla på å sy med strikktråd tråd som undertråd. Så dette stoffet syntest eg passa heilt til ei sommerbukse, samme mønster som den forge, men denne laga eg 14 cm lengre slik at den rekk ned til ankelen.
På mandagskvelden var eg på møte på Gardemoen. I staden for å ta siste flyet heim om kvelden. Tok eg bussen til barnebarna mine. Slik at eg fekk morgontimane saman med dei før eg måtte ta flyet heim til nye møter..  Hadde med klær til dei og som de ser så passa både kortebuksa og kjolen.





Ønsker dere alle ei fin og avslappa pinsehelg.

4 kommentarer:

Unknown sa...

så lurt da å ta ein lite omvei slik. Kva gjer ein ikkje for noen timer med bb. Flott bukse. Trenger ikkje å kjøpe klede foreldra til desse heldige bb. Flinka

Bodil sa...

Så heldige barnebarn, og så flotte plagg :)

mimouna sa...

Så koselig! Flotte unger i nye klær, og tynn bomull er deilig i varmen.

Ann Tove sa...

Herlege ungar. Heldige som får nye kle når bestemor kjem på besøk.