torsdag 17. juli 2014

Søm, omsøm og litt til


No er det lenge sidan eg har skreve noko i bloggen. Har hatt ein fin ferie mest på hytta men litt heim og siste delen vart tilbringa saman med barnebarna.
 
 I dag fyller lillegutt 1. år.
 Ei lita bukse st. nyfødd som ein lite baby som blir fødd i august skal få.
 Kjøpte eit flott stoff med kattar og lam på S&S. Sydde kjole til prinsessa  og T skjorte til lillegutt.
 Fekk ein fin sommarkjole hos mor mi. Ho lurte på om eg kunne bruke stoffet til ei bukse til lillegutt.
så no er oldemors sommerkjole blitt bukse tl lillegutt.
I dag er det fint syveir her så det blir nok litt meir ferdig utover dagen. Ønsker alle som er innom her ein fortsatt fin sommer.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Grattis med dagen til lillegutt. Er ein fin alder dei er i. Er jo nesten like gamle lillegutt og Trym. Akkurat ein månda forskjell. Skjer noko kvar dag. Kjekt å få følge med på dei.
Høres ut som du har hatt ein fin ferie. Og mykje fint har du fått sydd også. Så kjekt det må vere for barenbarna å ha ei farmor som syr så masse flotte klede til dei. Nyt resten av sommeren også. Klem fra Tønsberg

Elisabeth sa...

Utrolig mange fine småplagg. Ungene er heldige som har en så flink bestemor :)