tirsdag 20. januar 2015

Labber

 
Dei siste par vekene har forma vore dårleg. Fekk ein forkjølelsesvirus som har slått meg ut dei to siste vekene. I tillegg har det vore mykje arbeid før semester slutt;. retting og karaktersetting. I dag er forma mykje betre så no har eg tenkt å montere ei jakke. Så har eg ei årsmelding frå fylkestingsgruppa som må skrivast. Og så blir det kanskje tid til å fjerne siste delen av julepynten også.
 


Har strikka litt labber inni mellom etter nyttår. Para med rosa og lyseblått er strika i Viking Ragg, Svært mjukt godt garn strikka på pinne nr.5 så det gjekk fort. Strikka det små lyseblå medan eg såg Vestlandsrevyen og Dagsrevyen i går.
Det mørkeblå/ grå er Harry Potter Opal. Dei fleirfarga øverst er også i Opal.
Her er eit nydeleg veir i dag så kanskje det blir ein tur ut også.
Var ein tur i Bergen med helga så då blei det ein liten tur innom Stoff og Stil  så kanskje det blir ei økt med symaskina også i løpet av kvelden.
Ønsker alle ei fin handarbeidsveke.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei på deg. Her var det mange par med gode sokker for både store og så. Greit strikk om ein ikkje er heilt iform og når ein skal slappe av.
Trasigt at du ikkje har vore iform da. Håper du er på bedringens veg no. MAsse god bedring og nyt resten av uka.

Bodil sa...

Fine lestar, og det er vel alltid nokon som har bruk for det. God bedring :)