onsdag 14. januar 2009

Isskrapevott.


Har sett mange slike rundt om i blogger, var vel mest i fjor då. Så eg fekk lyst å prøve. Utvalget i isskraper på bensinstasjonen var heller lite, berre neon farger. Hadde tenkt svart eg, men måtte berre prøve med ei oransje. Tråden er Østlandsgarn brukt ca 1 og eit halvt nøste, som eg fann på garnlageret mitt. Mønsteret fann eg på Madeviks blogg.
Den måtte få to omganger på 40 grade i maskina så eg kunne sikker tatt den på 50 - 60 grader.
I dag har eg fri frå jobb og ingen møter så i dag har eg hatt ein tur til frisøren, var innom bensinstasjonen på vegen heim. Resten av dagen skal eg slappe av, men det blir vel litt retting og husarbeid inn imellom. Formen er begynt å bli bedre så det går rett veg med sjuka.

Ingen kommentarer: