onsdag 17. juni 2009

Nesten ferie.....

har berre to dagar att med på jobb før skulen er slutt. Har i tilleg litt planlegging til neste skuleår og litt opprydning, men det tek eg på regnveirsdagar i sommar.
I dag var det 7 av elevane min som avslutt 13- års skulegang med ein kjempefin eksamen i matte.
Liv skreiv i kommentaren at det var kjekt at eg tenkte på dei svake elevane. Det er vel det som er jobben min å ta vare på alle elevar. Dei gongane eg føler at eg har gjort ein god jobb, er nett opp når eg greier å få dei som slit med matematikk til å føle at dei får det til. Det er ofte så lite som skal til for å skjønne kva det heile dreier seg om. Har du fyrst greid det ein gong så er du komen i ein god sirkel.
Eg feira det fine resultatet til elevane mine med ei tur på gartneriet. Har ikkje hatt tid til å plante i krukene mine enno. Kjøpte to røde " Kristi blodsdråper" og ein kvit syntest dei var fin.
No skal eg slappe av og strikke litt, og titte litt inn om blogger. Det har det blitt liten tid til siste månaden





2 kommentarer:

Elins Strikkeri sa...

Så kjekt at du er fornøyd med elevane dine sin eksamen, og så nydelige blomster du har kjøpt deg! Ynskjer deg ein god ferie etter eit endt skuleår:-)

Liv sa...

God ferie, vi må holde ut tilogmed tirsdag. Men da er det ferie!!!

Kristi blodsdråpe er nydelig, jeg er veldig glad i den:))

Nyt ferien!