fredag 30. desember 2011

Underlag til kopp/glass.

Rydda litt i ei handarbeidsskuffe fann då mange utklipte underlag til kopp/ glass som eg hadde klippa ut for lenge sidan. Det var berre å sy dei saman og det har eg jobba med i går kveld og i dag tidleg. Kjekk å kunne sette seg ned med det ein har lyst til.
Desse har eg laga svært enkelt. Eit motiv som eg har klipt ut, så litt rester av vatt frå vesker og gryteklutar, tilslutt har eg klipt eit bakstykke som er ca. 4 cm større enn motivet i kvar retning. Brettar mot motivet og fester med små faldesting.
Ynskjer alle eit godt nytt år!




3 kommentarer:

Rita sa...

Kjekke små underlag. Godt å kunne gjøre litt slikt kosearbeid og nyte dagene litt underveis :)
Vil samtidig få ønske deg et Riktig Godt Nyttår.

Orlaug sa...

Å, dei va fine!
Har ein del slike motivstoff liggande, eg òg.Her var jammen ein god idè til å få brukt dei.
God nytt år til deg og dine!

Greta sa...

Så fine dei var. Du er kreativ ja. Ønsker deg og dine eit fantastisk nyttår