tirsdag 8. mai 2012

Bunadsaum og besøk i hagen

Har sydd ein del på bunaden i dag. Det røde er jakka. På dei svarte felta skal knappane stå
 Vart ferdig med vesten i dag. Den har leie i nokre veker å venta på at eg skulle sy knapphol og knappar i den. Den er grønn men fargen kom ikkje heilt fram på bildet.

Eit nærbilde av eit av knapphola.
Eg satt og rekna ut at det  er over 30 knapphol på mansbunaden frå Sunnfjord, og alle er sydde med hand.

 På sundag hadde vi besøk av tre hjort i hagen vår, så vi treng ikkje klippe graset vi, dei gneg det ned.

Blåbærlyngen tok den også.
Frå før har den forsynt seg med det meste av blomar som veks i hagen. Dei er svært ofte på besøk, men det er skjelden at dei går lenge inne i hagen og beitar midt på dagen, slik dei gjorde på sundag.

5 kommentarer:

Greta sa...

Det vert ein fantastsik bunad. Masse arbeide skjønner eg. Så flink du er.
Hjorten er jo flotte dyr, men kanskje ikkje så kjekt å få spist opp blomstrane sine. Det er vel for mykje hjort. ha ei fortsatt flott uke

Ann Tove sa...

Nydeleg arbeid, du må vere tolmodig.

Bundingen sa...

Er så spent på å få se bunaden helt ferdig! Til 17.mai? Er imponeret over knapphullene du syr. Det er ikke så lett, men du får det så fint til.
Og så var det hjorten, den blomstertyven! Han er jammen nærgående. Vi har elg og rådyr rundt husnovene, men den beiter som oftest på jordet før det blir sådd gjødsel.

Ha en strålende dag!

Anita Tørmoen sa...

Bunaden blir flott! Og så koselig besøk du har hatt:)

Bodil sa...

Så nydeleg bunad :) Og fint besøk i hagen!