mandag 17. desember 2012

Litt strikk blir det sjølv om det har vore to travle månader


Føler det nesten som eg har fått juleferie sjølv om eg ikkje får juleferie før på fredag. Alle sakspapir er ferdig lesne, og alle prøvar er retta. Kakebaksten er snart i boks og dei fleste julegaver er ferdig innpakka.Tenkte eg skulle skrive eit lite innlegg her og vise fram noko av det eg har jobba med dei siste vekene. Har strikka kjole / skjørt til den lille prinsessa mi.


Kjolen er strikka i Alpakka frå Rauma, hjertemønsteret tok eg frå eit gamalt mønster og halsfellinga frå eit Familien, resten er frå eige hovud.

På turen til og fra Mauritius strikka eg dett sjal samme mønster som mange tidlegare sjal. Dette er strikka i Kauni kjøpt på Projo.
Litt små strikk. Strikka ein hal til svigerdatra mi i Puno mjukt og godt garn, som eg kjøpte på Raumaullvare fabrikk når eg var der for 14 dagar siden. Så har eg strikka eit par labba til prinsessa og eit til sønnen min, begge er fra garnkurva mi.
Til slutt vil eg vise den fine lua som eg strikka til lille prinssesa. Mønsteret er frå boka " I all enkelhet " av Marte Helgtun" Tråden er alpakk frå drops som har leie i trådlageret mitt etter at eg strikka to dressar for sju år sidan.
Ønsker alle ei kjempefin siste veke i advent.Eg skal kose med med strikk og juleførebuingar.

1 kommentar:

Greta sa...

Her var det masse fint. Den kjolen var nydelig. Sokkene og halsen var også flott. Sjalet er jo bare kjemevakekrt da. og til sist den lua. Den ser så god ut. Har opppskrifta liggende sjølv. Håper å få strikka den i løept av neste året :0).
Du er jammen flttig min venn klem og huisk og kose deg den siste uka før jul no da