fredag 4. oktober 2013

Baby og barne klær + litt til


Når eg har mykje i arbeid så blir det av og til fleire ting ferdig på same tid. Hadde heilt fri på tysdag og onsdag det var godt etter mange veker som har vore travle. Har hatt god tid til å gjere ferdig ting som var nesten ferdig. Eg har også greidd å få all frukt som eg plukka med helga enten på glas eller i frysen. Den gule gensaren her har eg strikka til prinnsessa mi. tjukt mjukt garn som eg strikka på pinne 4.5. Fargen er lysar og nesten sjølvlysande.
 





Så har eg sydd to bukser og tunika til prinsessa mi og jogge dress i samme stoff til lillebror


 Hadde strikka eit beige teppe i kamgarn frå Rauma, er eit vanleg nøstebarnteppe. Kjøpe også ei brunt kkamgar frå Rauma, Hadde i utgangspunktet tenkt å strikke eit stripete teppe, men så såg eg dette teppe hos hobbystuas og då laga eg ein heklekant som likna på det. den kjem ikkje så godt fram på bildet mitt .

Gårsdagen brukte eg mykje av tida til å renske og hermetisere ein kasse med pærer.
Ønsker dere alle ei fin helg.

3 kommentarer:

Greta Buhagen sa...

Hei lengre ute i Vest. Her var det masse fint. Tenker att prinsessa di og lillebror vert godt fornøgd. Veldig fine plagg alel sammen. Du er så alsidig du. Det tepper er ogsåå veldig fint. fine farger saman. Det er meldt storm og regn i dag, håper veret ikkje er for ille der ute. Foreløpig er det bra her. Håper det holder seg. I alle fall til eg ahr vore ein tur i sentrum på kafe. HA ein flott dag og ei kjempekoselig helg

Bodil sa...

Jammen er du flittig, og har fått gjort ein heil masse. Så flotte plagg du har laga til barnebarna :) God helg.

mimouna sa...

Her var mye fint! Flotte plagg til de små, og hermetiske pærer høres deilig ut. Da mangler bare vaniljeisen. :)